Serviceskyss 2018

Sørvisskyss - Klikk for stort bilete

Serviceskyssen går til Askvoll og kostar kr. 30,- ein veg uansett køyrelengde.  Ring Askvoll Taxi for tinging plass før kl. 15.00 dagen før turen skal gå.  Askvoll taxi tlf. 57 73 06 66

Serviceskyssen er eit tilbod som du som brukar kan styre.  Taxien hentar deg heime og køyrer deg heim att den dagen ruta går. 

Du har høve til å ta med deg varer, og du vil få hjelp til å bere dei i hus.

Kvammen, Atløy og Holmedal:  Onsdagar.

Askvoll: Tysdagar

Stongfjorden: Kontakt Askvoll taxi for meir informasjon.

Ta kontakt med drosjene seinast kl. 15.00 dagen før for å tinge plass.  Tidene kan variere litt frå tur til tur.

Dersom du har spørsmål kan du kontakte Nærmiljøsentralen Askvoll på mobil 90 84 86 27 eller Askvoll taxi,         tlf. 57 73 06 66.

Serviceskyssen er open for innbyggjarar i alle aldesgrupper.

Serviceskyssen er eit tilbod lagt til rette av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askvoll kommune, taxinæringa og lag og organisasjonar i kommunen.

Fann du det du leitte etter?