Finn viktig informasjon om:

 

Sara Terese Osland er tilsett som kommunalsjef helse og omsorg

Privat Sara Terese Osland er tilsett som ny kommunalsjef helse og omsorg frå 1. september 2022.

Sara er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie, og fleire tilleggsutdanningar innan helse, leiing og økonomi. Ho kjem i dag frå jobben som seksjonsleiar for sjukeheimen, før dette jobba ho ved Høgskulen på Vestlandet i 22 år, mellom anna som instituttleiar frå 2011-15.

Dei viktigaste oppgåvene framover beskriv ho slik: «Kommunen leverer gode helse og omsorgstenester og eg ynskjer å vere med å utvikle desse vidare. Eg er opptatt av fagleg og administrativ utvikling av tenestene, samt god økonomiforvaltning til beste for pasientar, brukarar og tilsette.

Dei viktigaste utfordringa eg ser for etaten framover, er å planlegge og utvikle tenestene for endra innbyggarsamansetning for dei neste 20 åra. Framskrivingane peikar på fleire eldre, auke i fleire kroniske sjukdomstilstandar, færre i yrkesaktiv alder og etter kvart færre av «seniorressursen» (dei yngste pensjonistane). Dette fordrar endra tenester, auka kompetanse og rekruttering av fagpersonar. Iverksetting av «Leve heile livet» planen, utarbeiding av kompetanseplan og helse og omsorgsplan, og utvikling av velferdsteknologiske løysingar er viktige tiltak for å møte desse utfordringane. Samtidig er det viktig med eit godt samarbeid mellom etatane, med dei politiske organa og brukarane»