Samling for ungdom og unge vaksneAskvoll kommune inviterer ungdom og unge vaksne i Værlandet og Bulandet til samling i Værlandet Ungdomshus laurdag 19. februar kl. 14.00 - 17.00. Psykososialt kriseteam møter. Frå Askvoll kommune møter leiar og medlemmer i psykososialt kriseteam. Det vert ei uformell samling der vi legg vekt på at de skal få snakke saman, og der kriseteamet kan gje generell informasjon om å vere i sorg. Vi ynskjer òg å snakke litt om når ein kan trenge meir hjelp, og korleis ein kan gå fram for å få det. Kriseteamet vil vere opne for å ha individuelle samtalar under samlinga dersom det er ynskje om det. Med god hjelp frå lokale krefter har vi høve til å tilby dykk pizza, brus, kaffi og te. Vel møtt! Publisert 17.02.2022 16.01 Sist endra 17.02.2022 16.01