I samsvar med plan- og bygningslova §11-14 vedtok kommunestyret i møte 15.02.23, sak KOM 008/23, å legge framlegg til samfunnsdelen av kommuneplanen ut til offentleg ettersyn.
Sjå framlegget til samfunnsdelen (PDF, 3 MB)
Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn fram til 27.04.23.
Om samfunnsdelen av kommuneplanen
Samfunnsdelen inneheld mål og strategiar for korleis vi ønskjer å utvikle Askvoll-samfunnet framover.
I planframlegget er det ein overordna visjon, fire satsingsområde og ein arealstrategi:
- Visjon: Trivsel i levande bygder – med rom for eventyr!
- Levande bygder og gode nærmiljø.
- Attraktivt næringsliv og god infrastruktur
- Klima og miljø
- Kommuneorganisasjonen
- Arealstrategi
Samfunnsdelen skal seinare følgjast opp med å velje konkrete tiltak som skal gjennomførast. Desse tiltaka utgjer (ein del av) handlingsdelen/økonomiplanen til kommunen. Måla og strategiane i samfunnsdelen er i stor grad ganske overordna formulert. For nokre tema er det naturleg å arbeide vidare med kommunedelplanar og temaplanar for å spesifisere meir konkret kva ein ønskjer å prioritere. For andre tema er det meir tydeleg kva slags tiltak som kan vere aktuelt å ta inn i handlingsdelen/økonomiplanen til kommunen.
Innspel
Vi ønskjer å få innspel til om dei måla og strategiane som er tekne inn i samfunnsdelen er dei viktigaste å konsentrere seg om, eller om det er andre tilhøve ein bør fokusere på.
Innspel må sendast til Askvoll kommune seinast 27.04.23.
Slik sender du innspel:
Andre dokument
Kommuneplanen er utarbeidd ut frå det vedtekne planprogrammet. Kommunestyret fastsette planprogrammet i møte 19.05.21 sak KOM 028/21.
Sjå fastsett planprogram (PDF, 2 MB)
Sjå fleire dokument i arkivsaka
Sjå den gjeldande samfunnsdelen av kommuneplanen