Finn viktig informasjon om:

 

Redusert seglingshøgd grunna bruvedlikehald på Værlandet

Dei neste par månadene blir det vedlikehaldsarbeid på tre bruer på Værlandet. Alle båtar må vere obs på at det i periodar kan bli redusert seglingshøgd under bruene.

Dei tre bruene det gjeld er Olsundbrua, Ytre Melværsundbrua og Indre Melværsundbrua.

Kart over dei tre bruene med redusert seglingshøgd - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune    

Seglingshøgda blir påverka av utstyret som trengst for å utføre arbeid på brua. På Olsundbru blir det sett opp stillas over heile brulengda, noko som vil tilsvare ein reduksjon i seglingshøgda på mellom 2,5-3 meter. På Ytre og Indre Melværsund skal det jobbast frå ein bruliftbil, så her blir seglingshøgde berre påvirka på deler av brua, og berre nokre timar av gongen.

Rigginga av stillas har allereie starta opp, men sjølve arbeidet på bruene tek ikkje til før etter påske, og skal vere ferdig innan utgangen av mai.

Trafikk på vegen over brua vil bli styrt med trafikklys.