Psykososial støtte

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteBilete frå helsedirektoratet Helsedirektoratet  

Vi går mot ei jul med eit ekstra behov for å være der for kvarandre. Koronapandemien fører til at det er vanskelegare å være sosial, og det er gjerne mange som er einsame og har det vanskeleg. I julehøgtida vert desse kjenslene forsterka endå meir.


Har du eller nokon du kjenner det vanskeleg?

Ta gjerne sjølv ein telefon til den du tenkjer på, eller du kan dele di bekymring med nokon andre. Du kan kontakte fastlegen din, nærmiljøsentralen, og det er mogleg å ta kontakt med Askvoll Røde Kors.


Askvoll legesenter: 

I romjula er opent for oppmøte frå kl. 10.00 - 14.00 måndag til onsdag. Legevakt og telefonvakt (tlf. 57 73 46 00) frå kl. 08.00 - 15.30. Telefonnummeret til legevakta utanom opningstider er 116 117.
 

Nærmiljøsentralen:

Nærmiljøsentralen bistår Røde Kors i formidling av telefonven. Du når dei på telefonnummer 908 48 627.


Askvoll Røde Kors:

Askvoll Røde Kors har tilbod om besøksven/ringeven, og du finn informasjon om, og kontaktopplysningar til Askvoll Røde Kors på deira heimeside:

Askvoll Røde Kors


Alarmtelefonen for barn og unge:

Er du eit barn eller ein ungdom, og ikkje har det greitt heime? Eller er du ein vaksen som uroar deg for barn og unge? Då kan du ringe Alarmtelefonen på telefon 116 111. Alarmtelefonen er døgnopen heile året. Du kan òg bruke deira chat-funksjon. Sjå meir på 116111.no. 
 

Helse Norge

Helse Norge har ei eiga nettside med råd om korleis vi kan ta vare på oss sjølv og kvarandre i denne tida.

Her finn du òg telefonnummer til ulike støtte- og hjelpetelefonar, mellom anna:

Hjelpetelefonen – 116 123
Døgnopen teneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan være anonym, og dei du snakkar med har teieplikt. Dei tilbyr i tillegg chat-teneste på sidetmedord.no

Kirkens SOS – SOS-telefonen – 22 40 00 40
Tilbyr eit lyttande menneske som gjev støtte og trøyst. Tenesta er døgnopen, du kan være anonym, og dei har teieplikt. Dei òg har tilbod om chat-teneste på soschat.no