Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Psykologtenesta i Askvoll

Klikk for stort bilete 

Inger Anne Nordbøe er tilsett som psykolog i Askvoll under seksjon helse. Ho har 50 % stilling. 

 

Psykologen skal samarbeide tett med fastlegane og helsestasjonen. Om innbyggarane ynskjer kontakt med psykologen, må dei ta kontakt med helsestasjon eller fastlege som kan gjere ei vurdering og formidle kontakt vidare til psykologen.

I fyrste omgang vil ho ha fokus på born og unge opp til 20 år. Psykologen skal samarbeide tverrfagleg med andre yrkesgrupper gjennom til dømes rettleiing og samarbeidsmøter. Ho vil og ta i mot klientar individuelt for avklaring og eventuell behandling innanfor eit begrensa timetal. Kontortid  er kvar onsdag og torsdag annakvar fredag i oddetalsveker.