Prøvetaking av fallvilt - Skrantesjuke CWD

Kolle og kalv - Klikk for stort bilete

I Askvoll er det, i år som tidlegare, berre fallvilt/sjuke dyr som er 1 år eller eldre det skal takast ut CWD-prøver av. Dette gjeld hjortevilt som er skada, påkøyrt, utsett for ulykke, eller dyr som ein observerer som er sjuke/daude.  Dette gjeld heile året i alle kommunar, også under ordinær jakta.

Påbud om prøvetaking ved ordinær jakt gjeld kommunane:  Flora, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal, Bremanger, Vågsøy, Selje og Eid.

I Askvoll er det difor ikkje pålegg om å ta prøver av friske dyr som vert skote under den ordinære jakta!

Dersom ein observerer eller skyt sjuke dyr, må ein snarleg varsle kommunen. Ettersøksringen i Askvoll har kompetanse til å ta ut CWD-prøve.

Informasjon frå Miljødirektoratet om skrantesjuke



 

Fann du det du leitte etter?