Oppstart av prosjekt Legevaktpilot og Legevaktsatelitt

Klikk for stort bilete 

  

Askvoll kommune startar frå 01.11.19 med Legevaktsatellitt som er organisert under SYS IKL (Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt).

Legevaktsatellitt skal vere eit supplement til den ordinære legevakta. Den skal gje hjelp lokalt i Askvoll for helseutfordringar som i hovudsak ikkje er akutte, men ikkje kan vente til vanleg kontortid.
 

Kven skal du ringe?

Du ringer legevakta i Førde på vanleg måte, på telefonnummer 116117. Der blir det gjort ei medisinsk vurdering og avgjort om du kan møte på legevaktsatelitten i Askvoll, eller om du skal reise direkte til legevakt i Førde.

Legevaktsatelitten sitt lokale finn du like innanfor hovudinngangen til Askvollheimen. Her vil du møte ein sjukepleiar. Sjukepleiaren koplar opp ei videosamtale med legevakta i Førde, og bistår legen med undersøkingar og eventuell behandling.  

I startfasen vil det vere Legevaktsatelitt på ettermidddag/kveld frå kl. 15.30 – 22.00, laurdag, søndag og helgedagar frå 08.00 - 22.00.   Frå byrjinga av 2020 vil det også gjelde natt.

Når du treng legehjelp, kven skal du ringe?

  • Legevakt 116117 når hjelpa ikkje kan vente
  • 113 når det er akutt og står om liv.
     

Betaling etter satellittbesøk:

Pasientar som har smarttelefon får SMS med rekning. Denne er gebyrfri og må betalast innan 11 timer. Etter dette kjem påminning med gebyr.      

Pasientar som ikkje har smarttelefon får tilsendt gebyrfri faktura.

Kontakt

Stein Helle

Kommunalsjef Helse og Omsorg
Telefon : 57 73 45 07
Mobil : 99 03 48 07
E-post : Send e-post