Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Oppmoding frå smittevernlegen

Klikk for stort bilete 

 















"Kjære hyttefolk, kjære innbyggjarane i Askvoll kommune

Kommunen får mange førespurnader frå personar med hytte om å omregistrere hytta si til sekundærbustad.

Eg fråråder personar med fritidsbustad i Askvoll kommune som no er hindra frå å bruke hytta si etter § 5 i forskrifta, til å starte å søkje kommunen om å få omregistrert fritidseigendomen til bustad (sekundærbustad). Dersom føremålet med søknaden er å unngå hytteforbodet, gjer de ikkje "samfunnsdugnaden" dykkar, som vi treng alle til å vere med på. Ved å ikkje opphalde seg på hytta, reddar de mest sannsynlig liv - for å sette det litt på spissen.

Meininga med hytteforbodet er å unngå:

  1. at mange personar reiser og medverkar til at viruset sprer seg fortare. Å ikkje spre viruset fort, gjev helsetenesten noko meir tid til å førebu seg på ekstra belastning og behandle pasientar som treng det med god kvalitet til ei kvar tid.
  2. at det oppheld seg mange fleire personar i Askvoll kommune enn dei folkeregistrerte. Helsevesenet i Askvoll har akuttansvar for alle dykk. Alle uhell som oppstår, må vi handtere på Askvoll legesenter. Nokon av dykk må verte lagt inn på sjukehuset. Då vil evt. ein eller fleire pasientar som er like dårleg, måtte vente uforsvarleg lenge når epidemien står på for fullt. Det finst berre 2 ambulansebilar som vi deler med kommunane Fjaler og Hyllestad. Kanskje dei er allereie i bruk i ein pressa situasjon. Under ein epidemi der vi i tillegg skal handtere alle med alvorligare former av covid-19, vil tilleggsbelastinga av å ta oss av tilreisande hyttefolk med dykkar akutte problemstillingar kunne føre til at vår kapasitet vert sprengt, både på legesenteret, sjuketransport og på sjukehuset.

Eg takkar alle som held seg til forskrifta, og følg hygienereglar og sosiale avstandsreglar for å medverke at alle i Norge, òg dei sårbare grupper kan verte beskytta og verte tatt i vare på best mogleg måte i ein slik situasjon. De gjer ein dugnad for naboen, bestemor, nokon med kroniske sjukdom, og oss i helsevesenet. Berre i lag får vi det til.

Per no finst det ingen i Askvoll kommune som har testa positiv for covid-19. Vi jobbar på spreng med å førebu oss grundig og har allereie fått veldig mykje på plass.

Mvh,

Maret Krannich, smittevernlege i Askvoll, 26.03.2020"