Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Opning av Kystplanken i Askvoll

Klikk for stort bilete 

Torsdag 18.juni var det offisiell opning av Kystplanken i Askvoll.

Sjølvbetjent ryddestasjon for marint avfall

Askvoll kommune har i samarbeid med Fjordane friluftsråd etablert ein sjølvbetjent ryddestasjon for marint avfall, "Kystplanken". Initiativtakar bak Kystplanken er Kystlotteriet, og det er eit prosjekt av Naturvernforbundet og Norges Seilforbund, med støtte fra Plastreturs miljøprosjekt, Grønt punkt AS.

Klikk for stort bileteGrunnideen bak Kystplanken er ein del av visjonen til Kystlotteriet: Tida og avstanden frå du bestemmer deg for å rydde, til du har det du treng, skal vere så kort som mogleg. Det skal med andre ord vere enkelt å vere frivillig. Med Kystplanken har du tilgang til ryddesekkar før du drar ut og ryddar. Du kan vere med i trekkinga av spenande premiar og opplevingar i nærmiljøet ved å fylle ut lodd som du festar på sekken. Sekken festar du inn på ein vaier til Kystplanken når du kjem tilbake. Alle sekkar som vert festa til Kystplanken, vert henta etter forhåndsavtale Fjordane Friluftsråd har med kommunen. Denne Kystplanken er den tredje som friluftsrådet har fått opp i Sogn og Fjordane (etter Måløy og Vågsøy).





Offisiell opning

Kystplanken vart opna på torsdag 18.juni av ordførar Ole André Klausen, med representantar tilstades frå Fjordane friluftsråd og føreskulebarna ved Røverompa barnehage. For anledninga hadde ordføraren ordna med ein nokså utradisjonell snor laga av avfallsplast. Det var seigt å få klipt det, men med god hjelp av to av førskulebarna gjekk det strålande. Ordføraren fekk så brukt snora til å demonstrere korleis ein leverer ryddesekker ved Kystplanken.  

Plassering

Kystplanken i Askvoll er plassert på ferjekaia på veggen til ekspedisjonsbygget som vender mot sentrumhamna. Sjølve søylen inneheld informasjon om framgangsmåten, og i postkassen finn du sekker og lodd.
Det vil etterkvart verte montert ei fargeplate bak Kystplanken, slik at den vert meir synleg opp mot den kvite veggen til ekspedisjonsbygget.