Opning av kulturvandringløype om Anders Askevold

Tysdag 8.august var det opning av ny kulturvandringsløype i Askvoll sentrum  

Askvoll-bygda i 1849, sett frå aust. Maleri frå Anders Askevold. Foto: Selja Forlag  (Selja Forlag) - Klikk for stort bilete

Kulturvandringsløypa går i fotspora til vestlandsmålaren Anders Askevold som var født i Askvoll, og tek deg med til stader med tilknyting til hans liv. Du vil også få sjå korleis naturen og bygda kan kjennast att i mange av måleria hans. Løypa har 11 stoppunkt og er 3 km lang. Siste stopp er ved bautasteinen som er reist til minne om kunstnaren, ved Korseberget nær Askvoll kyrkje. Startpunktet er ved informasjonstavla ved Askvoll sentrumsbryggje. Det tek om lag 1,5 timar å gå løypa inkludert formidling på kvart stopp.

Dette er eit nytt konsept der ein ved hjelp av mobiltelefonen kan laste ned fortellingane undervegs i løypa. Kvart stoppunkt er markert med eit lite skilt. Når ein passerer desse punkta, vil lydforteljingane verte aktiverte. I tillegg vert historiane illustrert med bilder.

Opninga av kulturvandringsløypa var eit av arrangementa under Dalsfjordveka, og eit samarbeid mellom Askvoll vel og Askvoll kommune. Det var mange deltakarar som var med på turen, og på stoppunktet på friluftsområdet Øyra serverte Askvoll vel kaffe og kakar.

Bilder frå opninga 8.august 2017:

Fotograf: Jeroen van Gangelen Fotograf: Jeroen van Gangelen Fotograf: Jeroen van Gangelen Fotograf: Jeroen van Gangelen Fotograf: Jeroen van Gangelen Fotograf: Jeroen van Gangelen Fotograf: Jeroen van Gangelen

 

Industrihistorisk kulturvandringsløype i Stongfjorden

Sundagstur på Teigane - Foto: Paul Stang / Fylkesarkivet Sogn og Fjordane - Klikk for stort bilete Kulturvandringsløypa er ein av to løyper i kommunen. I Stongfjorden kan du gå på ein industrihistorisk vandring gjennom bygda, som var ein av dei første og viktigaste industristadane i Noreg. Løypa tek deg med langs stadar knytt til Nord-Europas første aluminiumsverk. Løypa er 1,2 km lang og har 9 stopp. Det tek om lag 40 minutt å gå inkludert formidling på kvart stopp.

Tiltaket frå Fjordkysten

Prosjektet er eit tiltak frå FjordKysten, som er destinasjonsselskapet for kystkommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll, Flora og Bremanger. Fjordkysten har utvikla nettsida www.kulturvandring.no med historiar knytt til ni kulturvandringsløyper i kystkommunane. Prosjektet er støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune.  

Det har vore eit stort arbeid med å lage historiane, finne bilder og ordne grunneigaravtalar. I Askvoll har Fjordkysten samarbeidd med Biblioteksjefen Randi Bjørneset, Gaute Losnegård, Kyrkjeverje Rune Ziener, folkehelsekoordinator Elin Sjøstrand og Britt Hansen og Tone Oddekalv i omstillingstyret. I Stongfjorden har Idun Losnegård og Lasse Vie gjort ein stor jobb med industrihistorieløypa. Her har Rolf Losnegård bidrege med manus og Malmfrid Stang har vore intervjua.

Idun Losnegård og Jeff Pedersen har lest inn lydforteljingane.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 16.08.2017 08:27 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering