OMBYGGING AV ASKVOLLHEIMEN

Klikk for stort bileteSTENGING AV INNKØYRSLE

Mandag 11.02.19 vert innkøyrsla til Askvollheimen stengt for besøkande og tilsette.

Det vert berre opna for varelevering, renovasjon, post, ambulanse, gravferdsbyrå og taxi.

Besøkande og tilsette må parkere på nedsida av Askvollheimen eller ved legesenteret.

Tilkomst til  Askvollheimen for pårørande og andre besøkande vert sti/midlertidig veg på nedsida av Askvollheimen. Sti/veg går opp og forbi den nye aktivitetsstova.

  • Ved sida av den nye aktivitetsstova er det dør inn til Askvollheimen

 

Årsaka til stenging er ombygging av Askvollheimen som starta 18.06.18

Prosjektet skal vere sluttført i april 2019.

 

Helse- og omsorgsetaten ser at ombygginga er utfordrande for både pasientar, pårørande og tilsette, men vi skal prøve å løyse dette på best mogeleg måte. Alle er velkomne til å snakke med Kommunalsjef Helse og Omsorg eller seksjonsleiarar om det skulle vere noko de lurer på angåande ombygginga.