OMBYGGING AV ASKVOLLHEIMEN

STENGING AV INNKØYRSLEHovudinngangen til Askvollheimen - Klikk for stort bilete

Fredag 15.06 vert innkøyrsla til Askvollheimen stengt for tilsette og besøkande.

Det vert berre opna for varelevering, renovasjon, post, ambulanse og taxi.

Tilsette og besøkande må parkere på nedsida av Askvollheimen eller ved legesenteret.

Tilkomst til hovudinngangen på Askvollheimen vert trapp opp ved/forbi vaskeriet.

 

Årsaka til stenging er ombygging av Askvollheimen som startar 18.06.

Det skal verte større avdelingskjøkken og nytt skyllerom ved Smia/Fløyen, ny hovudinngang med takoverbygg, 2 nye kontor og peisestova vert utvida til nesten det dobble av storleiken i dag.

Prosjektet skal vere sluttført til februar 2019.

Helse- og omsorgsetaten ser at ombygginga vil verte utfordrande for både pasientar, pårørande og tilsette, men vi skal prøve å løyse dette på best mogeleg måte. Alle er velkomne til å snakke med underteikna eller seksjonsleiar om det skulle vere noko de lurer på angåande ombygginga.

Fann du det du leitte etter?