Offisiell opning av kunstgrasbana på Atløy

Fotballspelarar frå Atløy under opninga av kunstgrasbana 17.09.16 - Klikk for stort bilete

Laurdag 17.september var den offisielle opninga av kunstgrasbana ved Atløy stadion

Atløy idrettslag har i mange år jobba med å få gjort om fotballbana ved Atløy stadion frå grus til kunstgras. Kunstgrasbana er ei 11ar-bane med ei speleflate på 64 x 100m, og er merka opp slik at den kan nyttast til aldersbestemt fotball i lågare årsklassar. Bana skal bli del av eit komplett anlegg med friidrettsdel og tennisbane som skal bli etablert seinare. Frå før er det ein ballbinge og sandvolleybollbane. Atløy stadion er samlokalisert med Atløy skule (1. – 7.trinn) og Atløy kulturhus, og området er difor ein viktig samlingsplass for lokalfolket.  

Utbygging og drift av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Askvoll kommune skjer i hovudsak i privat regi. Dette anlegget er enno eit fantastisk døme på den imponerende dugnadsinnsatsen blant dei frivillige i kommunen vår, og engasjementet det skaper i lokalsamfunnet. Kunstgrasbana er realisert gjennom utallige dugnadstimer. Det er eldsjeler som nærmast har budd på anlegget i den siste tida før ferdigstillinga. Men òg før sjølve bygginga er det gjort ein stor innsats i høve til prosjektering, med å få på plass alt det formelle som skal til for å kunne realisere bana, og ikkje minst med innsamling av økonomiske midlar.

Kunstgrasbana har ein kostnad på 4,3 mill kroner (inkl. lysanlegg). Privatpersonar og næringslivet har kjøpt andelar i kunstgrasbana på til saman kr. 437.200,-. I tillegg til dugnad har idrettslaget sjølv investert kr. 500.000,- eigenkapital. Av private og offentlege tilskot har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gått inn med kr. 300.000 og Askvoll kommune med kr. 150.000,-. Det er søkt spelemidlar på kr. 1,4 mill. Anlegget er i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv prioritert for tildeling av spelemidlar i 2019. I mellomtida har idrettslaget forskottert spelemidlar og finansiert meirverdiavgift i byggjeperioden gjennom banklån.

Gratulerer så mykje til idrettslaget og bygdefolket. Vi voner kunstgrasbana blir til glede for små og store, og at den genererer mykje god aktivitet i framtida.

Her kan du sjå bilete frå opninga:

Kunstgrasbana ved Atløy stadion  | Fotograf: Jeroen van Gangelen Ordførar overrekker blomster til leiar i Atløy IL Vegard Stølen Snorklipping v/Olav Kjos Wenjum og Ordførar Snorklipping v/Olav Kjos Wenjum og Ordførar Snorklipping v/Olav Kjos Wenjum og Ordførar Snorklipping v/Olav Kjos Wenjum og Ordførar Pauseunderhaldning under kampen mellom Atløy og Anga "Ballhestane & Knehønane" sto for underhaldinga i pausen Utmarsj av spelarane etter iherdig innsats Invitasjonen til den offisielle opninga Flagget til Atløy idrettslag  | Fotograf: Frida Melvær Programleiar Arild Olset Innmarsj av alle fotballspelarar Fotballspelarane ved Atløy Idrettslag Banksjef Ingar Valvik frå Sparebanken Sogn og Fjordane held tale Anne Vedvik frå Sogn og Fjordane Fotballkrets held tale Jeroen van Gangelen - rådgjevar Askvoll kommune Ordførar Frida Melvær
Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 22.09.2016 11:08 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering