Offentleg ettersyn- endring av forskrift om gebyr for arbeid etter matrikkellova.

Formannskapet vedtok i møte 25.11.24, sak 102/24, å legge forslag til endra forskrift om gebyr for arbeid etter matrikkellova ut på høyring. Framlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 27.11.24 - 27.12.24.

Endringa går ut på at gebyrsatsane for dei ulike forretningstypane kan endrast av kommunestyret etter prinsippet om sjølvkost i staden for indeksregulering i samsvar med Statens kartverk sin indeks for kart- og oppmålingsarbeidet.

Sjå saksframlegget 

Forslag til endring av forskrift for gebyr for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova (PDF, 84 kB)

Forskrift om gebyr for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova 2025 (PDF, 83 kB)

Slik sender du innspel

Liss Lien
Bygg- og eigedomssjef
E-post
Telefon 57 73 07 33