Nytt ungdomsråd i Askvoll

13. november 2017 vart det nye Ungdomsrådet konstituert.  

Frå venstre: Isak Hatlø, Lisa Tysse, Frida K. Grane, Elisabeth Guddal (nestleiar), Sofie Krumsvik (leiar), Kathrine O. Ask, Maya H. Johnsen, Frida Herland, Rym Benabdelali, Rebecca Iren Kvammen og Mikhail Sukhanik - Klikk for stort bilete

Askvoll ungdomsråd

Askvoll kommune har sitt eige ungdomsråd som er ungdommen sitt øvste talerøyr, og arbeider får å fremje interessene og meiningane til ungdommen i kommunen vår.

Askvoll ungdomsråd (AUR) er samansett av 11 medlemmer fordelt på dei ulike ungdomsskulane i kommunen. Det er også med ungdom som går på vidaregåande skule. Rådet blir valt for to år.

Val av leiar og nestleiar

13. november 2017 vart det nye Ungdomsrådet i Askvoll konstituert. Det er ein motivert gjeng som er klare å til gjere ein god innsats for ungdommane i kommunen vår. Sofie Krumsvik frå Askvoll skule vart valt som ny leiar, og Elisabeth Guddal frå Dale VGS vart valt som nestleiar.

I tillegg til leiar og nestleiar er desse ungdommane medlem i ungdområdet:

  • Lisa Tysse frå Bulandet skule (10.klasse)
  • Isak Hatlø frå Bulandet skule (10.klasse)
  • Frida Keilegavlen Grane frå Dale VGS (1.klasse)
  • Rebecca Iren Kvammen frå Gjelsvik skule (8.klasse)
  • Mikhail Sukhanik frå Gjelsvik skule (9.klasse)
  • Kathrine Olset Ask frå Askvoll skule (10.klasse)
  • Maya Håkegård Johnsen frå Askvoll skule (10.klasse)
  • Frida Herland frå Askvoll skule (9.klasse)
  • Rym Benabdelali frå Askvoll skule (8.klasse)

Andre saker som ungdområdet handsama i møtet var blant anna fordeling av driftstilskot for 2017 til frivillige ungdomsklubbar, val av representantar i styret til nærmiljøsentralen, omdisponering av midlar løyvde frå AUR, og val av representantar til nettverkssamling for Ungdomspolitisk utval.

På Askvoll ungdomsråd si eiga Facebookside kan du følgje aktivitetane til rådet

Opplæringsdag

Møtedagen starta med opplæring for dei nye medlemmene. Njål Hopen Eliasson frå Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane er fadder for Askvoll ungdomsråd, og fortalte om sine erfaringar som ungdomspolitikar.

Etter opplæringa leidde Njål Hopen Eliasson møtet fram til ny leiar for ungdomsrådet vart valt.

Bak frå venstre: Øyvind Mandelid (vara), Isak Hatlø, Lisa Tysse, Frida K. Grane, Elisabeth Guddal (nestleiar), Sofie Krumsvik (leiar), Kathrine O. Ask, Maya H. Johnsen, Frida Herland, Rym Benabdelali, Rebecca Iren Kvammen og Mikhail Sukhanik. Framme frå venstre: Fredrik B. Rysjedal (vara), Hedda F. Tusvik (vara), Lady Pearl Pacot (vara), Truls T. Wik (vara), Sivert A. Torsheim (vara) og Mathea Hegrenes (vara). Thea Madeleine (vara) var ikkje med på biletet  - Klikk for stort bilete
Publisert av Kjetil Rørstad Nordvik. Sist endra 15.11.2017 15:28
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering