Nykshytta har kome på plass

 

Klikk for stort bilete Vigdis Flaten Kvamme



Etter nokre månader med venting, var dagen endeleg kome! Torsdag 11.april 2019 vart dagsturhytta floge på plass ved Nyksvatnet i Holmedal. Den vart allereie levert i november 2018, men vêr og snøtilhøva gjorde at oppflyginga og monteringa vart utsett. Hytta vart delt opp i åtte modular og frakta med helikopter frå bøen på Indre Håland og opp til Nyksvatnet. Helikoptertransporten gjekk føre seg utan problem. Pressa var til stades og dekka oppflyginga, og mange born frå Holmedal Montessoriskulen hadde kome for å sjå hytta vart heist på plass. I løpet av 2019 skal alle kommunane i fylket ha ei dagsturhytte. Nykshytta er dagsturhytte nr. 19 av 26, men den er den første som har kome opp i HAFS!

Det står att litt arbeid før hytta er besøksklar, og den vil difor vere låst inntil vidare. Seinast 1.mai er det venta at hytta er ferdig for publikum. Den offisielle opninga av Nykshytta vert på søndag 2.juni.

> Informasjon om Nykshytta på ut.no

 

Tusen takk!

Askvoll kommune ønskjer å takke grunneigarane som har vore positive til at kommunen får nytte deira utmark til å bygge hytta på. John Lien, Per Arne Tveit og Helga Furevikstrand i Holmedal vel har gjort ein fantastisk jobb med tilrettelegging av tomta og koordinering av logistikken rundt lagring, flytting og oppflyging av hytta. All denne jobben og deira engasjement har vore av uvurderleg betyding for å kunne få etablert dagsturhytta.
Vi ønskjer òg å rette ein stor takk til Turid og Alf Ølmheim som har stilt areal disponibelt på eigedomen sin til lagring av dagsturhytta sidan november i fjor. 

Ordføraren vår, Ole André Klausen har òg gjort eit viktig bidrag! Han har sørga for at det har vorte eit flott sanitæranlegg ved hytta, bygd av elevar ved Mo og Øyrane vgs. Utedoen er difor vorte kalla opp etter ordføraren, og heiter "Oledoen".  

Allereie før hytta var kome på plass, har den skapt eit stort engasjement. Mandagsklubben ved Holmedal eldresenter og Nordre Askvoll helselag har laga sitteunderlag, og Sissel Hestad Vie har vove fine filleryer. Hytta har òg fått gåver frå privatpersonar; Vigdis Flaten Kvamme har gjeve ei bålpanne og Oddveig Lyngstad kom med flotte tova sokkar. 
 

Om hytta

Nykshytta har solceller for å få lys og varme i den. Det er òg sanitæranlegg ved hytta. Nykshytta ligg på om lag 455 meter, og her frå er det flott utsikt mot Holmedal, Dalsfjorden og fjella i sør. Hytta vert utan tvil eit populært turmål i seg sjølv, men kjem òg til vere ein fin stopp undervegs i toppturen til Dokka og Moldura. Det er gode parkeringstilhøve, og god skilting og merking ved starten og på veg opp langs stien.   

I fjor lyste kommunen ut ei «konkurranse» om namn til hytta, og vi fekk mange gode framlegg. Det vart framlegget frå Holmedal vel som vart valde – «Nykshytta». Dette er eit gamalt namn, og det er det namnet som har vore brukt i dagleg tale på den gamle hytta som før stod ved Nyksvatnet. Sidan Holmedal vel har tatt på seg ansvar med tomtetilrettelegging og drift og vedlikehald av hytta, meinte administrasjonen at det var på sin plass at velforeininga fekk bestemme namnet.

Dagsturhytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga og kommunane. Hytta er teikna av Rojo Arkitektar i Trondheim og vert bygd av Reknes byggevare i Masfjorden.

Målet med hyttene er å gjere det lettare for folk flest å komme seg ut på tur. Den skal vere ein stad for å ete nista si, byte kle og få litt varme i seg. Det vert òg eit nynorsk turbibliotek, og fylkesbiblioteket legg mellom anna opp til forfattarbesøk og teaterframsyningar i eller ved hytta. Elles skal det vere ein sosial møteplass i naturen, som òg kan nyttast som t.d. konsertarenaer og for Den kulturelle skulesekken.

> sjå òg nettsida dagsturhytta.no