Nye volontørar i Askvoll

Volontørane Marie og Francesco - Klikk for stort bilete

Marie Saul og Francesco Mauro er volontører i Askvoll fram til september 2018.  Dei er tilknytta Nærmiljøsentralen.

Francesco er 23 år og er frå Sicilia, ei av dei store øyene i Italia.  Han  ynskte å komme til Noreg då familien hans alltid har hatt interesse for Skandinavia.

Hovudinteressa og utdanninga hans er innan kunst og handverk. Spesielt likar han teikning og illustrering, det å omsette ei fortelling til teikning.  Drømmen er at dette skal verte det framtidige arbeidet hans.  Han håpar at opphaldet i Noreg vil hjelpe han å utvikle hans eigen stil.

Han ynskjer å lære det norske språket og lære meir om norsk kultur.

 

Maria er 18 år og er frå Dettelbach i Tyskland.   Ho søkte seg til Askvoll fordi prosjektet var ope og oppgåvene varierte.  Ho likar den norske livsstilen og naturen.  Ho vil få mulighet til å bruke tid både på seg sjølv og oppgåvene  ho skal utføre.  No er ho i barnehagen.  Ho er og på Askvoll skule som taleassistent i tysk. 

Begge deltar på Tysdagstreff og Fellesmiddagen på Storstova.  Dei stiller og opp på juniorklubben, ungdomsklubben og barneidretten.

 

Volontørar får ikkje løn, men kost og losji.

Sist endra 07.11.2017
Fann du det du leitte etter?