Ny kollega i Askvoll kommune - Rådgjevar for næring og folkehelsekoordinator

Arve Åsnes 1 - Klikk for stort bilete

Mitt namn er Arve Åsnes og eg ser fram til å ta til som rådgjevar næring og folkehelsekoordinator frå januar.

Eg er 45 år og kjem opphavleg frå Straumsneset. Av utdanning har eg seks års høgare utdanning frå høgskulen i Sogndal og i Oslo, med hovudfag fysisk aktivitet og helse frå Norges Idrettshøgskole. For tida bur og jobbar eg i Bergen som avdelingsleiar for to avdelingar i Studentsamskipnaden på Vestlandet. Der har eg blant anna ansvar for eit stort treningsanlegg med rundt 30 tilsette og over 4000 kundar. Dette er ein konkurranseutsett bransje der vi har eit kontinuerleg fokus på fornying og utvikling. Her legg vi til rette for at særleg studentar, men òg andre, skal ha eit så bra velferdstilbod som mogeleg.

Vi samarbeider mykje med utdanningsinstitusjonar, idrettslag, kretsar og bedrifter og arbeider ein del på tvers med andre område i Samskipnaden som barnehagar, kafear, rådgjeving, psykologisk helseteneste og karriere- og yrkesrettleiing for å skape synergiar og eit betre tilbod. Eg ser fram til å ta til i januar og vere med å legge til rette for nærings- og samfunnsutviklinga i Askvoll.

På fritida nyttar eg gjerne høvet til å være ute og deltek gjerne på lange fjell-løp og gler meg til å ta i bruk fjella på nordsida av Dalsfjorden. Elles er eg glad i å fiske, og håpar etter kvart å kunne børste støvet av dei gamle fiskestengene. Eg deltek gjerne på ymse dugnadar og har dei siste åra og vore fotballtrenar for eit jentelag i Olsvik IL. Elles har eg sambuar, ho er barne- og ungdomsarbeidar, og saman har vi to jenter på 7 og 10 år som no gru-gler seg til å starte på ny skule i januar.

 

Beste helsing,

Arve Åsnes

Fann du det du leitte etter?