No kan fleire få bustøtte til høge straumutgifter Fleire minstepensjonistar, uføre og andre med låg inntekt kan få bustøtte i vinter. For å få utbetaling må du søke innan 31. desember. Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Du som alt mottek bustøtte treng ikkje søke på nytt. Les meir om bustøtte til høge straumutgifter - husbanken.no Søk snarast og innan 31. desember Søk om bustøtte på husbanken.no Du kan sjølv rekne ut om du har rett på bustøtte - Les meir på Husbanken.no Treng du hjelp til å søke? Har du behov for hjelp til elektronisk søknad, får du timeavtale hos NAV Askvoll ved å ringe NAV Kontaktsenter på telefon 55 55 33 33. NAV Askvoll har også ope for korte avklaringar tysdagar og torsdagar frå klokka 12.00 – 14.00. (Kontoret kan bli stengt på kort varsel ved sjukdom og koronarestriksjonar.) Publisert21.12.2021 15.17 Sist endra22.12.2021 15.48