Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

No kan du søkje tilskot til kulturminnearbeid

Steingardar i kulturlandskap - Klikk for stort bilete 
Askvoll kommune kunngjer ei ny tilskotsordning som gjev støtte til lokalt kulturminnearbeid.  

Kven kan søkje?

Alle som driv med kulturminnearbeid i Askvoll kommune kan søkje støtte frå ordninga:

  • private eigarar og forvaltarar av kulturminne i kommunen. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.

  • Privatpersonar, kommunale organisasjonar, frivillige lag og organisasjonar og andre lokale organ som driv med formidling av kulturminne.
     

Kva kan du søkje støtte til?

Du kan søkje tilskot frå kulturminnemidlane til:

  • Formidlingsprosjekt (kurs, opplæring, informasjon, og liknande)

  • Tiltak som restaurering, vedlikehald, bevaring og utvikling av kulturminne

Kulturminne og tiltak som er del av gjeldande kulturminneplan for Askvoll kommune vert prioritert.

Søknadsfrist og retningsliner for ordninga

I år er søknadsfristen 15.oktober 2020. (Merk at det står i retningslinene at fristen er 1.oktober, men det gjeld ikkje i 2020).

Søknaden skal sendast per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no eller per post til Askvoll kommune, Pb. 174, 6988 Askvoll.

Meir informasjon om kulturminne

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post