No kan du søkje tilskot til kultur- og ungdomsaktivitetar

Teater på Kyrkjebakken 12. og 13.aug. 2011, kl 21:30 - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune har to tilskotsordningar for kultur: kulturmidlar og Ung i Askvoll-midlar.

Kulturmidlar:

Kven kan søkje:
Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idretts- og andre fritidsaktivitetar.

Kor mykje er det til fordeling:
I 2019 er det kr. 70.000,- til fordeling. Nytt frå i år er at kr. 50.000,- av desse midlane vert fordelt på våren. Søknadsfristen for desse er 1.mai. 2019. Dei resterande kr. 20.000,- vert lyst ut etter sommaren og kan søkjast på fortløypande fram til midlane er fordelt.

Nye retningsliner
Kommunestyret vedtok i sak 006/19 nye retningsliner for kulturmidlar.

 
Søknadsskjema for kulturmidlar
Søknaden om kulturmidlar må sendast elektronisk innan 1.mai 2019.
 

Gå til søknadsskjema for kulturmidlar 

 

Ung i Askvoll-midlar

Askvoll ungdomsråd fordeler årleg tilskot frå ordninga "Ung i Askvoll".

Kven kan søkje:
Ungdom mellom 13 og 20 år frå Askvoll kommune, både einskildpersonar og grupper. Det kan søkjast om støtte til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar etc. Midlane skal søkjast av ungdommar og vere for ungdommar.

Kor mykje er det til fordeling:
I 2019 har ungdomsrådet kr. 12.500,- til fordeling.

Retningsliner
Klikk her for retningsliner for ordninga (PDF, 12 kB)

Søknadsskjema for Ung i Askvoll-midlar
Søknad om tilskot frå "Ung i Askvoll" skal sendast elektronisk innan 1.mai 2019.

Gå til søknadsskjema for Ung i Askvoll-midlar

Klikk for stort bilete

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post