No får du digital post frå oss

digital_postkasse_illustrasjonsbilde_1.jpg - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune vil i løpet av mars gå over til å sende post digitalt.  Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den postkassen du har valt.  Om ikkje du har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn. 

Korleis mottar du posten framover?

Når du får digital post frå Askvoll kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post.  Då veit du alltid når noko er sendt til deg.  For å lese brevet loggar du deg inn på din postkasse.  Du kan logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.

Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt når du har ein digital postkasse.  Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ønskjer.

Dersom du ikkje har digital postkasse frå Digipost eller e-Boks, vil du få brev frå Askvoll kommune i Altinn.  Dokument som ikkje er opna i Altinn innan to yrkedagar vert skrivne ut og sende via Posten på papir.

 

Du kan reservere deg

Privatpersonar kan reservere seg dersom dei framleis ønskjer å ta imot post på papir. Dette kan du gjere på norge.no.

Dei som ikkje har oppretta ei digital postkasse til no, eller tidlegare aldri har kommunisert digitalt med forvaltinga – treng ikkje gjere noko som helst dersom dei ikkje ønskjer digital post.

 

Fordelen med digital postkasse

Med digital postkasse får du

  • samla post frå det offentlege trygt og gratis på ein stad

  • tilgang til posten din kvar og når du vil

  • varsel på SMS eller e-post når du får viktige brev

  • raskare svar og informasjon frå det offentlege

  • lagra all viktig post samla på ein sikker stad

  • spara miljøet og redusert offentlege utgifter

  • post frå private avsendarar på same sted

 

Kva må du gjere om du ønskjer å få post elektronisk?

Gå til nettsiden norge.no

Om du ikkje har en elektronisk ID (eID), klikkar du på «Ny bruker av offentlige tjenester på nett»

For å sikre at offentlege har registrert riktig kontaktinformasjon må du gå inn på lenka  «Oppdater kontaktinformasjonen din»

Til slutt klikker du på «Velg digital postkasse» og følgjer instruksjonene der
 

To leverandørar

Du kan velje mellom to postkasseleverandører: Digipost, som er eigd av posten Norge, og e-boks, som leverer digital postkasse også i Danmark. Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi) har laga ein enkel rettleiar på norge.no for korleis du vel og oppretter ein slik postboks. Her kan du også skaffe deg eID, viss du ikkje har det fra før. Det er naudsynt for å kunne få ein digital postkasse.

Askvoll kommune tilrår at de nyttar Digipost si løysing, men det er ikkje eit krav.
 

Hjelp og rettleiing

Vi gjer merksam på at Askvoll kommune ikkje kan svare på spørsmål knytt til dette, og ber dykk om å bruke rettleiarane til kvart tema, som er å finne på norge.no eller rette spørsmål på e-post til: brukerstotte@difi.no eller ringe 800 30 300.

Publisert av Inger Johanne Helle Breidvik. Ansvarleg Rådmann Håkon Loftheim. Sist endra 07.03.2017 av Inger Johanne Helle Breidvik
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering