Nå kan du førehandsrøyste!

Den 11. september er det val til kommunestyret og fylkestinget. ​Har du allereie bestemt deg for kva du vil røyste? Da kan du førehandsrøyste frå 10. august til 8. september. 

Du vel sjølv om du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen, men du kan berre røyste ein gang. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen.

Du må ikkje vise valkort, men registreringa går raskare om du har det klart.  

Her kan du førehandsrøyste i Askvoll:

Askvoll rådhus

  • Kvardagar 10. august til 8. september: 08.00 - 15.00
  • Laurdag 12. august: 11.00-14.00
  • Laurdag 2. september: 11.00-14.00

Askvollheimen

  • 6. september: 10.30-11.30

Heimerøysting

Veljarar som grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan røyste i vallokale, kan søkje om å røyste på førehand der dei oppheld seg. Dersom du ynskjer å førehandsrøyste heime kan du ta kontakt med kommunen fram til 6. september 2023 på telefon 57 73 07 00 (tasteval 1) eller per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no

Hugs legitimasjon! 

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjent for røystemottakar, får du ikkje røyste. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilete. 

Bur du utanfor Askvoll kommune? 

valglokaler.no, finn du vallokaler og opningstider i alle kommunar. Hugs at du må førehandsrøyste om du ikkje oppheld deg i kommunen du er manntalsført i.