Momskompensasjon for lag og organisasjonar

Kurs med Askvoll padleklubb - foto: Odin Hestholm  - Klikk for stort bilete

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017

Søknadsfrist og -skjema:

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester, basert på årsrekneskap eitt år tilbake i tid. Tilskotsordninga er kalla for momskompensasjon generell ordning.

Frist for å søkje momskompensasjon til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1.september 2017.

Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

På Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad finn du søknadsskjema. Dersom du lurer på noko, ta kontakt med dei på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Du kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Minstegrenser

For enkeltståande søkjarar er det minstgrensar. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, men minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensane fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Mange som ikkje søkjar

Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjar om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som til dømes Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Vi ønskjer å nå fleire

Det er òg ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, til dømes organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

 

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Lotteri- og stiftelsestilsynet. Sist endra 29.06.2017 10:54 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Skjema (1)
 
 
Login for redigering