Finn viktig informasjon om:

 

Markatunet

Bilete av rekkebustader med asfaltert gangveg i forgrunnen og skogkledd ås i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteMarkatunet i Askvoll Håvard Yndestad  Dei nye omsorgsbustadane i prestemarka har etter namnekonkurranse fått namnet Markatunet.


Vi lyste i slutten av april ut namnekonkurranse for å finne eit passande namn til dei nye bustadane. Namnejuryen, samansett av gruppeleiar i Bu- og miljøtenesta og kommunalsjef helse og omsorg, har no sett på dei ulike forslaga. Det er kåra ein vinnar, og namnet på dei nye bustadane er "Markatunet".
 

Det kom inn 11 ulike forslag til namn. Av desse var det to som hadde forslag om Markatunet, og det vart naudsynt å trekke lodd om kven som fekk vinnarforslaget. Vinnarar av eit gåvekort på kr 500,- er Torbjørn Veiesund og May Britt Eimhjellen, som hadde sendt inn eit fellesforslag!
 

Vi håpar at både naboar i Prestemarka og innbyggarane i Askvoll kan seie seg einige at vi har komme fram til at Markatunet er eit passande namn for dei nye omsorgsbustadane.

 

Kommunalsjef
Helse og omsorg