Marie gir seg etter eitt års teneste som volontør i Askvoll

volontør marie 1 - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune takkar for hjelpa, her kjem nokre ord og inntrykk frå avslutningssamtalen med ordførar

Marie har vore med i mange av tenestene til kommunen og prøvd seg i mellom anna i barnehage/ungdomsklubb og på Askvoll skule som samtalepartnar i tysktimane. Ho har og køyrt ut varm mat til eldre, og deltatt på Tirsdagstreffet. Marie har hatt ei positiv oppleving med å vere del av Askvoll samfunnet og vil klart anbefale det for andre å ta eit år som volontør.

Marie seier at særleg det varierte opplegget med å få ta del i så brett spekter av oppgåver har vore bra, og der er vi i Askvoll flinkare enn mange andre stader, der oppgåvene er meir faste. Av negative sider så er det litt vanskeleg å komme i kontakt med folk, då særleg yngre folk, så her har vi eit forbetringspotensiale. Ho synes at naturen og den mogelegheita den gir oss, med fjell og fjord til å ta turar i er veldig bra. Med det kollektivtilbodet vi har er det er vanskeleg å komme seg rundt utan eigen bil.

Store deler av året har dei vore to volontørar, men Francesco avslutta sitt opphald i mai. Marie seier og at dei har budd godt, med gode mogelegheiter til å prøve det å vere sjølvstendig. Marie synes det har vore noko av det som var mest lærerikt i tida med å opphalde seg så lenge vekke frå kjente og kjære. Volontørane i regionen har og litt kontakt med felles arrangement som og var positive opplevingar. 

I september kjem det to nye volontørar til Askvoll og dei skal inn i vår organisasjon og delta. Kommunen må ta godt imot dei og kanskje vere endå litt opne, slik at dei føler seg velkommen og som ein del av vårt samfunn. Vi må heie på Astrid og volontørane som heilt klart bidreg kvar dag for oss.

Ole André Klausen
Ordførar

Fann du det du leitte etter?