Måndag 1. mai startar TiTur Dalsfjorden. 

Den sjuande sesongen med den populære TiTur Dalsfjorden er snart i gang

I år byr TiTur Dalsfjorden på turar til idylliske Fossedalen, vakkert hei-landskap i Stongfjorden og havutsikt på Atløy. 

Registrering:

Du finn turbok i dei røde postkassane på toppen. Men du kan gjerne registrere deg på turappen til www.ut.no når du er framme. 

Premiering:

Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort. Du vert då og med i trekninga av tre gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. For å vera med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år må ha gått på 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Instagram

I tillegg trekk vi eitt gåvekort på 1000 kr blant Instagrambileta som er merka med emneknaggen #titurdalsfjorden23 (hugs open profil). 

Turkort:

Turkort kan hentast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Fjaler. Turkortet må leverast innan 10. oktober 2023. Premiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.

Turkort kan du laste ned og skrive ut her.  (PDF, 2 MB)

Årets turar

  • Arsteinheia
  • Østenstad
  • Taket
  • Skurveholten 
  • Eldbjørgstien
  • Fossedalsvatnet
  • Nykshytta
  • Skålefjell på Atløy
  • Yndestadheia
  • Askdalen

Alle turane blir lagt ut på turappen ut.no frå 1. mai. 2023. 

TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler.

Tituren varer til og med 1. oktober. 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75