Listeframlegg til kommunestyrevalet 2019

Alle parti og grupper som ønskjer å stille til kommunestyrevalet, må levere listeframlegg til kommunen dei ønskjer å stille til val i.



Under finn de oversikt over innsendte listeframlegg til kommunestyrevalet 2019, samt rettleing for utfylling av malen for listeframlegg. Sjå elles Valdirektoratet sin fullstendige gjennomgang av krava til listeframlegg og rettleing til utfylling av malen.

 

Val 2019: Listeframlegg

Innkomne listeframlegg

Listeframlegg skal verte lagt ut til ettersyn etter kvart som dei kjem inn, jf. valgl. § 6-6 (1). Listene ligg ute her på kommunen si heimeside. I tillegg ligg dei i resepsjonen på rådhuset i Askvoll.

Askvoll valstyre må ta stilling til listeframlegga seinast 1.juni jf. valgl. § 6-6 (2).

Innkomne lister til offentleg ettersyn

 

 

 

Viktige fristar
  • 1.april 2019 - kl.12:00:

    Siste frist for innlevering av listeframlegg med underskrifter. Det er eit krav at listeframlegget har kome til kommunen på dette tidspunktet. Det er ikkje nok at det er postlagt innan fristen. Listeframlegget må leverast på papir og IKKJE per e-post.
     
  • 23.april 2019 - kl.12:00:

    Siste frist for å trekkje tilbake eit listeframlegg. Erklæring om tilbakekalling må vere innlevert av listestillar sin tillitsvalde.
     
  • 01.juni 2019:

    Valstyret sin frist for godkjenning av listeframlegga.
Innlevering av listeframlegg

Listeframlegg til kommunestyrevalet 2019 vert levert til Askvoll valstyre. Frist for innsending er måndag 1.april kl.12:00. På dette tidspunktet må listeframlegget ha kome til kommunen. Det er ikkje nok at det er postlagt.

  • Sjølve listeframlegget skal leverast i papirform og IKKJE per e-post
     
  • Fysisk innlevering vert gjort på Askvoll rådhus, i kontortida (08:00 - 16:00)
     
  • Listeframlegget kan òg sendast i posten til:
    Askvoll kommune v/Askvoll valstyre
    Postboks 174
    6988 ASKVOLL
     
  • Vedlegget med oversikt over fødselsdato som skal følgje listeframlegget skal sendast per e-post til jvg@askvoll.kommune.no

OBS! Underskrifter på listeframlegget må stå på same ark som listeframlegget for å vere gyldig. Bruk difor tosidig utskrift når de skriv ut malen. Det er ikkje høve til å levere listeframlegg med underskrifter på to adskilte ark.

Mal for listeframlegg og vedlegg

Her finn de mal for listeframlegg og vedlegg til listeframlegg.

Valdirektoratet har utarbeidd malar for listeframlegg, som vi oppmodar dykk å bruke.

 

OBS! Underskrifter på listeframlegget må stå på same ark som listeframlegget for å vere gyldig. Bruk difor tosidig utskrift når de skriv ut malen. Det er ikkje høve til å levere listeframlegg med underskrifter på to adskilte ark.

 

 

 

 

 

Overskrift på listeframlegg

Listeframlegget skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe framlegget går ut frå, og som ikkje kan føre til forveksling, jf. Valgl. § 6-1 (2) bokstav b.

I listeoverskrifta skal registrerte parti bruke det namnet partiet er registrert med i Partiregisteret. Det er ikkje høve til å bruke eit anna namn som undertittel, heller ikkje namnet til lokalavdelinga. Altså dømesvis «HØGRE», og ikkje «Askvoll HØGRE», etc.

Listeframlegget må tydeleg viser at lista gjeld for kommunestyrevalet 2019 i Askvoll kommune.

Tal kandidatar på listeframlegg og røystetillegg

Tal kandidatar skal oppfylle krava i valgl. § 6-2. Listeframlegg for parti som stillar til val i Askvoll kommune skal ha minst 7 kandidatar og maks 27 (21 kommunestyrerepresentantar + 6).

Inntil 4 av dei øvste kandidatane på listeframlegget kan førehandsprioriterast. Det betyr at dei får eit røystetillegg på 25 prosent. Desse namna skal stå med utheva skrift.

Identifisering av kandidatane

Alle kandidatar må vere innført i folkeregisteret som busatt i Askvoll kommune.

Alle kandidatane må førast opp med førenamn, etternamn, og fødselsår. Det er opp til forslagsstillarne om dei vil legge til bustad og/eller stilling. Dette må i så fall gjerast for samtlege kandidatar på lista. 

Når det gjeld kven som blir nominert/oppført på listeforslaget er det viktig å vere klar over at alle som står oppført har rett til å krevje seg fritatt frå val, jf. valgl. § 3-4

Underskrifter på listeframlegg

Eit listeforslag må vere underskrive, og talet på underskrifter avheng av om partiet er registrert i partiregisteret og partiet si oppslutning ved førre stortingsval. Krava om tal underskrifter går fram av valgl. §6-3 (1).  

Registerte parti:

Alle registrerte parti som fekk minst 500 røyster i eitt fylke, eller 5.000 røyster på landsbasis ved førre stortingsval, kan stille liste under forenkla reglar. Dei kan levere liste som er underskrive av 2 styremedlemmer i lokalavdelinga med ansvar for innlevering av listeframlegg i Askvoll kommune. Styremedlemmene som skriv under på listeframlegget må vere røysteføre i Askvoll kommune.

På Valdirektoratet sine nettsider ligg det ein oversikt over partiar som kan stille liste etter forenklet regelverk ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Uregisterte parti:

Parti eller grupper som ikkje fyller krava til "forenkla model" må samle underskrifter for å få stille. Listeframlegget må ha så mange underskrifter at det utgjer 2 prosent av innbyggarane med røysterett ved førre kommunestyreval. I Askvoll kommune vil det då vere nødvendig med minst 48 underskrifter.

Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje bli offentleggjort (med unntak av tillitsvalde sine underskrifter), jf. valforskrifta § 13, vallova § 15-4 og forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1.

OBS! Utskrift av listeframlegg

Underskrifter må stå på same ark som listeframlegget for å vere gyldig. Bruk difor tosidig utskrift når de skriv ut malen. Det er ikkje høve til å levere listeframlegget med underskrifter på to adskilte ark.

Tillitsvald med vararepresentant

Alle listeframlegg må angje ein tillitsvald med vararepresentant blant dei som har signert framlegget.

Valforskrifta § 14 (1) fastset at når eit forslag frå eit registrert parti som to av styremedlemmene i lokalorganisasjonen har underteikna, vert desse rekna som høvesvis tillitsvald og vara. Styret for lokalorganisasjonen vert rekna for å utgjere tillitsutvalet.

Valforskrifta § 14 (2) fastset at når eit listeforslag er levert inn etter krava i vallova § 6-3 (2), blir dei to øvste underskriverane rekna som tillitsvald og vara når det ikkje er skrive på listeforslaget kven som skal ha desse funksjonane. Dei fem øvste underskriverane vert rekna for å utgjere tillitsutvalet og dei tre neste som vararepresentantar.

Den tillitsvalde sine oppgåver er blant anna å representere forslagsstillerane i forhandlingar med valstyret om listeforslaget. Tillitsutvalet si oppgåve er å eventuelt kalle listeforslaget tilbake.

Endringar på listeframlegget

Når innleveringsfristen har gått ut, kan framleggsstillarane berre gjere dei endringar på listeframlegget som er naudsynt for å få framlegget i samsvar med vallova og forskrifta til denne lova. Sjølv om det ikkje er naudsynt for å bringe listeframlegget i samsvar med lova, kan dei setje inn ein ny kandidat på listeframlegget dersom ein kandidat vert stroken frå listeframlegget fordi vedkomande er utestengd frå val eller vert friteken, jf. Valforskrifta § 15 (2).

Vedlegg til listeframlegg

Listeframlegget skal ha følgjande vedlegg:

  • Ei oversikt over fødselsdatoen til kandidatane. Her kan de laste ned mal for oversikt over fødselsdato som vi oppmodar dykk å nytte: mal vedlegg listeframlegg - fødselsdato kandidatar (XLSX, 9 kB)
    Vedlegget kan sendast per e-post til jvg@askvoll.kommune.no
     
  • Ei oversikt over fødselsdato og bustadsadresse til dei som har underskrive på listeframlegget.
     
  • Dersom ein kandidat på listeframlegget ikkje er innført i folkeregisteret som bustatt i Askvoll kommune når lista vert levert inn, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkommande vil vere valbar på valdagen.
     
  • Dersom ein kandidat på listeframlegget ikkje er valbar grunna stillinga si, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkommande vil ha fråtredd stillinga når kommunestyret trer i funksjon. Sjå valgl. § 3-3 (3) for meir informasjon.
     

 

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post