Kystlotteriet blir digitaltKystlotteriet bytter ut papirlodd med elektroniske lodd. Frå 2022 får sekkane til Kystlotteriet ein QR-kode som erstattar fysiske lodd, og du registrerar loddet ditt på nett. I løpet av 2022 vil papirlodda bli erstatta av ein QR-kode du kan skanne inn for å delta i konkurransen. Det vil i ein periode vere både gamle og nye sekker tilgjengelige, så om du har ein sekk utan QR-kode må du registrere lodd på reg.kystlotteriet.no. Ynskjer du å rydde i strandsona og vere med i trekninga av premier frå Kystlotteriet kan du hente poser frå Kystlotteriet på Joker Værlandet, Rådhuset, Askvoll gjenvinningsstasjon Olsetvikane og ekspedisjonsbygget på ferjekaia i Askvoll. For meir informasjon, sjå Kystlotteriet sin heimeside Publisert 23.02.2022 15.09 Sist endra 23.02.2022 15.12