Kunngjering av vedtak i namnesak 2017/494 – Gjervik/Gjerdvik/Gjerdvika

 

Etter førespurnad frå ein grunneigaren reiste Askvoll kommune namnesak for gardsnamnet Gjerdvika med avleidde namn for å få avklart rett skrivemåte før det vart teke i bruk som adressetilleggsnamn. Saka har vore på lokal høyring, der kommunen kunngjorde saka. Ho har deretter vore til tilråding hjå Stadnamntenesten. Kartverket har no gjort følgjande vedtak i namnesaka.

Vedtak

Med heimel i § 5 tredje ledd i lov om stadnamn vedtek Kartverket Bergen at namna skal skrivast slik:

  • Gjervika (vik i sjø)
  • Gjervik (gard 45)
  • Gjervik (bruk 45/ 1, 5 og 6)
  • Råkane (bruk 45/2)
  • Tunet (bruk 45/3)
  • Teigen (bruk 45/4)
  • Gjervik ferjekai (ferjekai)
  • Gjervikeskjera (skjer i sjø)

Kartverket sitt vedtaksbrev og grunngjeving finn du her: Vedtak i namnesak 2017/494 (PDF, 2 MB)

Informasjon om høve til å klage

Etter § 10 i lov om stadnamn kan vedtak om skrivemåten påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Desse har då klagerett:

a) eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
b) eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
c) ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Klage kan sendast til Kartverket med kopi til Askvoll kommune innan 5 april 2019. Klage skal grunngjevast og grunngjevinga må ta føre seg alle namn eller namneledd som klaga gjeld.

Klage kan sendast per post til Kartverket, pb 600 Sentrum, 3507 HØNEFOSS eller på e-post: post@kartverket.no.  Kopi sendast til pr post til Askvoll kommune, Pb 174, 6988 ASKVOLL eller på e-post postmottak@askvoll.kommune.no

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post