Kunngjering av vedtak i namnesak 2016/142802 – Herland og Hellersøyna m.fl

Klikk for stort bileteI samband med adresseprosjektet i Askvoll reiste Kartverket namnesak for gardsnamna Hærland/Herland og Hellersøyna/Hillersøy med avleidde namn for å få avklart rett skrivemåte før dei vert tekne i bruk i adressenamn. Saka har vore på lokal høyring, der kommunen kunngjorde saka. Ho har deretter vore til tilråding hjå Stadnamntenesten. Kartverket har no gjort følgjande vedtak i namnesaka.

Vedtak:

Med heimel i § 5 tredje ledd i lov om stadnamn vedtek Kartverket Bergen at namna skal skrivast slik:

  • Herland (gardsnr. 56)
  • Herland (bruksnr. 56/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 9 og 10)
  • Herlandshamnen (hamn)
  • Herlandsvatnet (vatn)
  • Herlandsvika (vik)
  • Herlandsbotnen (grynne)
  • Hellersøyna (øy)
  • Hellersøyna (gardsnr. 68)
  • Hellersøyna (bruksnr. 68/1 og 68/1/1)

Kartverket sitt vedtaksbrev og grunngjeving finn du her: Vedtak i namnesak 2016/142802 (PDF, 3 MB)

Informasjon om høve til å klage

Etter § 10 i lov om stadnamn kan vedtak om skrivemåten påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Desse har då klagerett:

a) eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
b) eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
c) ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Klage kan sendast til Kartverket med kopi til Askvoll kommune innan 22. februar 2019. Klage skal grunngjevast og grunngjevinga må ta føre seg alle namn eller namneledd som klaga gjeld.

Klage kan sendast per post til Kartverket, pb 600 Sentrum, 3507 HØNEFOSS eller på e-post: post@kartverket.no. Kopi sendast til pr post til Askvoll kommune, Pb 174, 6988 ASKVOLL eller på e-post postmottak@askvoll.kommune.no

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post