Kultur: tilskot som kompensasjon av meirkostnader grunna koronapandemien

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bileteBilete av Acharaporn Kamornboonyarush frå Pexels  
Frivillige lag og organisasjonar kan søkje tilskot for å kompensere meirkostnader grunna koronapandemien. Søknadsfrist er 1.mars 2021
 

Om ordninga

Grunna koronapandemien har det vore svært få kulturaktivitetar i kommunen i 2020. Av tilskotsmidlane til kulturaktivitetar som var sett av på budsjettet i 2020, står 65 000 kr. ubrukt. Koronapandemien har gjort det utfordrande for mange av dei frivillige lag og organisasjonar til å drifte aktivitetene sine. Difor har kommunestyret gjort vedtak om at dei udisponerte midlar skal lysast ut som tilskot for å kompensere frivillige lag og organisasjonar i Askvoll kommune for meirkostnader grunna pandemien.
 

Kven kan søkje?  

Frivillige lag/organisasjonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idrett- og andre fritidsaktivitetar.
Tilskotet skal gå til å dekke meirkostnader/godtgjersle for dugnad med ekstra reinhald, meirkostnader til leige av av alternativt lokale for lag og organisasjoner som ikkje får bruke sin vanlege plass i korona-tida, eller andre meirkostnader som kan knyttast til koronatiltak. 

Tilskotet vert prioritert til lag og organisasjonar som har aktivitetar for barn og unge. Ordninga gjeld ikkje for kommersielle tiltak. 
 

Slik søker du

Søknad sendast innan 1.mars 2021 per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Søknaden skal innehalde: 

  • opplysingar om søkjar (namn på laget og leiar, kontaktinformasjon, kontonummer) 
  • skildring av type aktivitet som organisasjonen lagar til 
  • informasjon om kva type meirkostnader laget har hatt og storleiken på desse. 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post