Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Koronavirus: bøndene kan trygt stelle dyrene sine

Klikk for stort bileteHelsedirektoratet informerer om at bønder, som er i isolasjon eller karantene grunna covid-19,0 trygt kan stelle dyra sine. Men ein må følgje dei generelle hygieneråda, slik at dei ikkje smittar andre menneske.


 


Det er konklusjonen i ei vurdering som Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har gjort for Mattilsynet.
 

  • Bønder, som er i isolasjon eller i karantene, skal ikkje jobbe saman med røkter eller anna personell.
  • Bønder, som er i isolasjon eller karantene, skal halde 2 meters avstand til dei som hentar melk eller leverer varer.
  • Kontaktpunkt, som eksterne kan komme i kontakt med ved henting av melk eller levering av varer til garden, skal vaskast for å unngå smittespreiing.
     

På Helsedirektoratet sin nettside finn du råd frå Mattilsynet til produksjonsdyreigarar.