Kven kan bestille?
Timebestilling er no open for dei som er fødde i 1948 og 1949.
OBS! Om du har sett deg på venteliste tidlegare, må du likevel logge deg inn og bestille time.
Vaksineringa av denne gruppa vil skje i Askvollhallen på onsdag 21.april.
Kommunen veit berre kor mange vaksinedosar vi får 1 - 2 veker fram i tid. Risikogruppe 4 er ei stor gruppe og difor må vi dele opp denne gruppa. Vi har valt å legge ut timebestilling for dei eldste først, og vil opne opp for fleire timebestillingar etter kvart som vi får vaksinar. Døme: får vi 100 vaksinar, så skal 20 prosent (20 dosar) førebels gå til helsepersonell. Vi kan då opne opp for 70-80 timebestillingar i den digitale timebestillingsløysinga.
Slik bestiller du time for vaksinering
Følg denne lenka for elektronisk timebestilling (innlogging via BankID gjennom kodebrikke eller BankID på mobil):
Du vil få ein sms med stadfesting på bestilt time.
Du kan òg ta kontakt med legesenteret om du treng hjelp til bestilling på tlf. 57 73 46 00. Ved stor pågang vil vi notere namn og telefonnummer, og ringer opp att seinare for å hjelpe deg med timebestilling.
Venteliste
Er du ikkje i den prioriterte gruppa, vil du framleis kunne logge deg inn i den elektroniske løysinga. Du får då tilbod om å registrere deg på venteliste. Vi ber alle som ynskjer vaksina om å registrere seg. Ventelisten gjev kommunen berre eit anslag på kor mange som ønskjer seg vaksine i dei ulike gruppene. Ver merksam på at du difor framleis må bestille time når det er din tur.
Når du registrerer deg på venteliste, må du svare på nokre spørsmål om ev diagnose(-ar) du har. Ut i frå alder og diagnose vert det definert i kva risikogruppe du kjem inn under.