Koronavaksine i Askvoll kommune

Klikk for stort bileteBilete av cottonbro frå Pexels   
Informasjon om arbeidet med gjennomføring av vaksinering vil fortløpande bli oppdatert her på heimesida vår.
 

Koronavaksinasjonen er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggarane vaksinasjon. Norge vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men endå er mykje usikkert når det kjem til kor raskt vi får vaksine og kan tilby dei til anbefalte grupper.


Status på koronavaksinering i Askvoll kommune

Vi følgjer prioriteringsliste frå FHI. Kalenderen under viser våre anslag for når det er din tur til å verte vaksinert. Anslaget er avhengig av godkjenning av nye vaksinar, tal mottatte vaksinar og øvrig kapasitet, og er difor noko usikkert. Du vil få informasjon når det nærmar seg.

Personar som prioriterast vil verte kontakta for tilbud om vaksinasjon. Du treng ikkje kontakte kommunen eller fastlege for å setje deg på venteliste. 
Det vert arbeidd med ei digital løysing for bestilling av vaksinasjon. Når den er klar vert lenke til bestillingsløysinga lagt ut på denne sida.  

Avhengig av tal mottatte vaksinedosar vil vaksineringa anten går føre seg på legesenteret i Askvoll, på Storstova ved Askvollheimen eller i Askvollhallen.

Klikk for stort bilete
Som anbefalt vert opp til 20% av de tilsendte dosar brukt (frå veke 2) til å vaksinere helsepersonell i kommunen. Med så få dosar tar det lang tid å nå ut til alle i risikogruppene, men det er venta at det kjem fleire dosar vaksine etter kvart.

Koronavaksine i Askvoll kommune

Klikk her for statusoppdatering per veke for koronavaksinering i Askvoll kommune

Veke 4 og 5 - 2021:
Kommunen startar med aldersgruppe 85 år og eldre – pasientane det gjeld vert kontakta på telefon. I veke 4 er det venta 34 dosar og i veke 5 er det 10 dosar for denne aldergruppen.

Veke 3 - 2021:
Vaksinasjon med første dose på pasientar på sjukeheimen er gjennomført.

Veke 2 - 2021:
Det er venta at vaksinasjon med første dose på alle pasientar på sjukeheimen er gjennomført i veke 3.

veke 1 - 2021:
Tysdag 5.januar vart dei første 24 koronavaksinedosar satt i Askvoll kommune. I veke 2 og 3 er det venta 12 nye dosar per veke. Vaksinasjonsprogrammet er planlagt etter dei nasjonale retningsliner og vi følgjer desse prioriteringane. 

 

Prioriterte grupper

På Folkehelseinstituttet kan du lese om kva grupper som er anbefalt vaksinasjon og prioriteringsrekkefølgja mellom dei. 

Personar som prioriterast vil verte kontakta for tilbud om vaksinasjon. Du treng ikkje kontakte kommunen eller fastlege for å setje deg på venteliste. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for alvorleg sjukdom.

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som er anbefalt å ta koronavaksine, og den må verte gjeve til dei som treng det mest først. 

 

Meir informasjon om koronavaksine:

Maret Krannich

Kommuneoverlege
Telefon : 57 73 46 00
E-post : Send e-post