Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Koronavaksinasjon med dose 3 til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar

Folkehelseinstituttet (FHI) har no sendt ut informasjon om korleis vi skal gjennomføre vaksinering av 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar.

 

For å få 3. dose må det dokumenteres at du tilhøyrer dei utvalgte gruppene med alvorlig nedsatt immunforsvar.

Spesialisthelsetenesta er hovudansvarleg for dette, og du vil bli identifisert der og motta eit brev fra sjukehuset som du kan ta med deg til kommunen når du skal bestille time til vaksinasjon.

Men sidan dette kan ta noko tid har spesialisthelsetenesta i tillegg komme fram til følgjende alternative måtar å dokumentere at du ev. tilhøyrer ei pasientgruppe som kan motta ein tredje dose:

 

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 år, eller ein pågående graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon
  • alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Alle som har en diagnose i følge lista for gruppe 1 kan vise fram notat fra sjukehus der diagnose framgår, dersom dei ynskjer vaksine før dei har mottatt brev frå sjukehuset.

 

Gruppe 2

  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempende behandling av anna årsak:

Pasientar som bruker immundempande medisiner som står på denne lista (PDF, 447 kB) kan kontakte kommunen direkte og vise fram dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept /e-resept eller medikamentforpakning der pasienten sitt navn viser.

Dei som kjem under gruppe 1 og 2 kan bestille seg time sjølv her:
 

Timebestilling - koronavaksine


eller ringe legekontoret på telefon 57 73 46 00 for hjelp. 
 

  • Kreftpasienter med aktiv eller nylig gjennomgått immundempende behandling:

Desse må vente på brev fra spesialisthelsetjenesten fordi det må tas ei individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige bivirkninger.

 

  • Pasientar som av ansvarlig legespesialist blir vurdert som å ha svært nedsatt immunforsvar og som ikkje går inn  i ei av gruppene over:

Disse må ha også vente på eget brev fra spesialisthelsetjenesten.

 

Det må gå minst 4 veker mellom 2. og 3. dose.

 

Informasjonen pasientene tar med til vaksinasjon er taushetsbelagt informasjon etter helsepersonellovens § 21. Kommunen behandler all personsensitiv informasjon innenfor lovverket.

Pasientene må sjølv velge om dei vil vise personsensitiv informasjon. Hvis dei ikkje ynskjer dette vil dei etter kvart motta eit brev frå spesialisthelsetjenesta der det viser at dei er i ei gruppe som kan motta eit tilbud om tredje dose, og pasienten kan velge å vente på dette.