Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Koronasmitte påvist hos 2 personar i Askvoll kommune

Klikk for stort bilete 
To personar i Askvoll kommune har testa positivt for covid-19 den 10.09.2020

Dei er i isolasjon heime. Smittesporing er allereie avslutta og smitten kan sporast tilbake til Bergen. Dei to personane som er berørte har ikkje vore i nærkontakt med andre i kommunen. Situasjonen er å sjå på som svært avgrensa og under kontroll.
 

Smittevernlegen vil likevel nytte høve til å minne alle i kommunen om å følgje dei grunnleggjande smittevernreglane. Dei er framleis det beste forsvaret vi har mot koronaviruset:

  • Hugs å halde 1m avstand til alle som ikkje bur i same husstand
  • Hald deg heime ved ny oppstått luftvegsinfeksjon og ring legesenteret i Askvoll for å verte vurdert for testing
  • ver nøye med hand- og hostehygiene

Ikkje ta unødvendige (fritids-) reiser i Norge eller utanfor Norge til område med høg smittespreiing (raude område) eller pågåande utbrot. Dette gjeld no spesielt for Bergen.
 

Med venleg helsing,

Smittevernlegen i Askvoll kommune