Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. Undersøkinga vil gje Askvoll kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.
Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Askvoll, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.
Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000. Gåvekorta er gyldig i fem år.
Meir informasjon:
Meir informasjon og lenke til undersøkinga finn du på Vestland fylkeskommune sine sider.
Kontaktinformasjon: