OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Korleis sikre at du får varsel på sms frå kommunen

For å vere sikker på at du får varsling frå kommunen om situasjonar som krev rask informasjon kan du sjekke at informasjonen på varslemeg.no og norge.no er rett.

Askvoll kommune nyttar varslingssystemet Varsling24 til å sende ut viktig informasjon til innbygggjarar i samband med hendingar som til dømes stenging av kommunal vassforsyning, kokevarsling for drikkevatn, stengte vegar, evakuering og andre situasjonar som krev rask informasjon. 

Varslingar vert sendt på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.

Innbyggjarvarsling

Det er to ulike registre som vert nytta for å nå deg som bur fast eller mellombels i Askvoll kommune:

Norge.no

www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret oppmodar vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i framtida.

Varslemeg.no

www.varslemeg.no som er eit tilleggregister du kan nytte dersom du ønskjer å motta varslingar for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Her kan du også sjekke om du er har fått varsling under "Har jeg blitt varslet?"

Om du har telefonabonnement som ikkje er knytt til din bustadsadresse, eller om du har hemmeleg nummer, må du sjølv registere deg som mottakar av slike varslingar på varslemeg.no

Til toppen