Kor driv du friluftsliv?

Vakker dag i mars - Klikk for stort bilete  

Askvoll kommunestyre har vedtatt å starte opp eit prosjekt om kartlegging og verdsetjing av friluftsområder i kommunen.

Kvifor kartlegge?

Friluftslivskartlegging er eit kommunalt verkemiddel for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv, og bidrar til å øke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunene.

Friluftsliv i nærmiljøet er viktig i eit folkehelseperspektiv. Undersøkingar viser at dei fleste av dei som ønskjer å bli meir aktive, vil gå turar i nærmiljøet og skog og mark. Skal vi lukkast med å skape meir aktivitet i befolkninga, er det viktig å satse på friluftsliv i nærmiljøet gjennom attraktive leike- og rekreasjonsområder, nærturterreng og grønnkorridorar.

Resultata skal inn i eit temakart, som blir publisert i www.naturbase.no og blir offentleg tilgjengelege for alle. Arbeidet er ei rein temakartlegging, som inneber at resultata ikkje er juridisk bindande. 


Vi treng innspel frå deg

Kommunen har ein god del dokumentasjon frå tidlegare, men ønskjer innspel frå brukarar.
 

Kva områder brukar du til friluftsliv? Kva kvalitetar har desse områda å by på?
 

Med friluftsliv meinar vi tur i nærmiljøet, lengre turar, bading, dykking, padling, fisking, klatring, sykling, ski, aking, skøyting med meir.

Innspel kan sendast per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no eller per post til Askvoll kommune, Pb. 174, 6988 Askvoll.
 

Nasjonal satsing

Friluftslivskartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Stortingsmelding 18 (2015-2016) Friluftsliv - Naturen som kilde til helse og livskvalitet. Arbeidet i den einskilde kommune skal følgje metoden skissert i Miljødirektoratet si rettleiar for kartlegging og verdsetjing av friluftsområder.

Sogn og Fjordane fylkeskommune koordinerer prosjektet. FNF- «Form for natur og friluftsliv», er leigd inn som prosjektkoordinator i fylket og dei informerer og følgjer opp kommunane undervegs i prosjektet.  


Meir informasjon

Har du spørsmål, eller ønskjer du å vite meir om prosjektet? Ta kontakt med rådgjevar Jeroen van Gangelen, som er prosjektleiar for friluftslivskartlegginga:

Arbeidsgruppa i Askvoll kommune som jobbar med prosjektet består elles av Folkehelsekoordinator Arve Åsnes og avdelingsingeniør for bygg og eigedom Andreas Rivedal.

I tillegg blir det lagt opp til at det vert henta inn ekstern hjelp frå organisasjonar og ressurspersonar med god oversikt over ulike typar friluftsliv i kommunen, som t.d. tilsette i skular og barnehagar, velforeiningane, idrettslag og turlag.

Her kan du lese vedtaket til kommunestyret og saksutgreiinga.

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post