Retningsliner for kontingentstøtte
Vedteke i KOM-sak 023/20
1. Formål og omfang
Føremålet med ordninga er at den skal vere eit verkemiddel for lag og organisasjonar til å gje barn og unge høve til deltaking og inkludering på viktige sosiale arenaer, som fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldrene sin inntekt og sosiale situasjon. Det er eit tiltak som skal vere med på å førebyggje og/eller dempe konsekvensar av fattigdom. Den økonomiske ramma for ordninga vert handsama årleg i ordinær budsjetthandsaming.
2. Målgruppe
Barn og unge som er berørt av fattigdomsproblem.
3. Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar som har tapte inntekter knytt til manglande innbetaling av medlemskontingent og/eller treningsavgift frå barn og unge i målgruppa.
Tilskot vert ikkje prioritert til tiltak som er drive på forretningsmessig basis.
4. Søknadsfrist
Ordninga vert kunngjort på kommunen sine nettsider og sosiale medier seinast ein månad før søknadsfrist. Fristen er årleg 15. juni
5. Søknadsskjema
Søknaden skal sendast inn på elektronisk skjema. Skjemaet vert tilgjengeleg på www.askvoll.kommune.no under «skjema og sjølvbetening».
Søkjar dokumenterer med oversikt over laget sine kontingentsatsar og rapport på tal manglande kontingentinnbetalingar for barn og unge i målgruppa og samla inntektstap for laget.
6. Handsaming av søknader
Administrasjonen ved rådmannen vurderer søknadene ut frå vedtekne retningsliner, og gjev løyve om tilskot innanfor budsjetterte rammar. Tilskotet vert fordelt etter den relative prosenten som inntektstapet for det einskilde laget utgjer i forhold til samla inntektstap for søkjarane. Vedtaka vert rapportert til Komité for oppvekst og kultur og kommunestyret.