Kontaktprosedyre ved sjukdomsrelatert fråvær frå vidaregåande opplæring

Barn i leik - Klikk for stort bilete

Ungdom i vidaregåande opplæring har ei fråværsgrense på 10 %.   Eleven kan få legeattest på fråværet dersom fråværet skuldast sjukdom og fråværet er høgre enn 10 %.

Gjeld elevar som har fastlege i Askvoll:

Eleven skal SJØLV ringe til legesenteret og melde frå om sjukdom til helsesekretær/sjukepleiar som tar telefonen,      tlf. 57 73 46 00.

Er det medisinsk grunnlag for legetime får eleven legetime samme dag.  Då kan erklæring bli skriven som ein del av konsultasjonen

Er det medisinsk grunnlag for fråvær, men ikkje for legetime, vert årsaka til fråværet journalført.

Eleven vert ført opp i timeboka til fastlegen, med merknad "skuleattest".  Legen sjekkar notatet i løpet v dagen.  Om legen finn grunn for å ta inn eleven til legetime eller få meir informasjon, vert eleven kontakta av fastlegen (medisinsk årsak, høgt fråvær eller andre årsaker)

Er det ikkje medisinsk grunnlag for fråværet, er det ikkje grunnlag for legeerklæring

Om fråværet strekke seg over fleire dagar, må eleven ringe legesenteret og informere om fråværet KVAR DAG fråværet gjeld, og det vert ført i journal

Ser eleven mot slutten av semesteret at det er behov for legeerklæring for å dokumentere fråvær, må eleven bestille legetime for dette hos sin fastlege.  Fastlegen skriv då ein samla legeerkæring for det fråværet som tidlegare er dokumentert i eleven sin journal.  Ikkje-dokumentert fråvær og fråvær uten medisinsk årsak kan det ikkje skrivast legeerklæring for. 

Fann du det du leitte etter?