Kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv

I kommunestyret den 14.02.2024 vart kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv vedtatt, jf. sak KOM 014/24

Om kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv

Anlegg som er oppført i kommundelplanen sitt handlingsprogram, er i posisjon til å søkje tilskot frå spelemidlar.

Denne planen er primært eit verktøy for å styre utbygginga av større og mindre anlegg for idrett og fysisk aktivitet (herunder anlegg for friluftsliv). Tidlegare har ikkje kultur vore ein del av kommunedelplanen, men dette er no teken inn som eit temaområde. 

I tillegg skildrar planen korleis det står til med idretten i Askvoll kommune. Den viser også kva som er gjennomført av tidlegare prosjekter, og kva prioriteringar som gjeld i den kommande planperioden.

Vedlagt til kommunedelplanen følgjer ein handlingsdel for delmål, strategiar og tiltak som syner kva tiltak ein skal gjere innanfor kultur, idrett og friluftsliv. 

Planen har ikkje ein utløpsdato, og det vil gå fram av planstrategien når den bør reviderast. 
 

Plandokument

Sjå plandokument her:

Andreas Rivedal
Avdelingsingeniør
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 24