Klipp hekkar og busker før skulestart

Trygg trafikk - logo.png - Klikk for stort bilete

Tenk tryggleik og klipp hekken i samband med skulestart. Små barn på skulevegen blir lett usynlige bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlige situasjonar i trafikken. Nå oppmodar Trygg Trafikk folk stusse hekkene i samband med skulestart. Askvoll kommune stiller seg bak denne oppfordringa.

 

 

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar. 

Ein lovpålagt stuss

Folk som bor langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I disse dagar starter barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mulig skal gå og sykle. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må være synlige langs vegane, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Å sørge for fri sikt er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bor ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal være god sikt ved vegkryss og ved avkjørsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halv meter

Når du står fire meter inn i avkjørselen di skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje være høgare enn 50 centimeter ved avkjørsla.

– Det kan av mange oppfattast som svært lavt. Eg trur ikkje alle kjenner til denne bestemminga. Det er i alle fall mange hekkar som blokkerar sikten, seier Audun Heggestad.

Kontaktperson:
Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, telefon 95 23 74 38  
e-post: heggestad@tryggtrafikk.no

Publisert av Per Jan Ryland. Sist endra 16.08.2017 13:58 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering