Klage og varselordningar for helse- og omsorgstenesta

Klikk for stort bileteFrå 1. juli 2019 har alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester plikt til å varsle alvorlege hendingar til Statens helsetilsyn.  Pasientar, brukarar og næraste pårørande får frå samme tidspunkt ein rett til å varsle slike hendingar til Helsetilsynet.

Føremålet med varselordninga er å identifisere uforsvarlege forhold raskare slik at forholda kan rettast opp og bidra til  betre pasientsikkerhet.

Kriterie for varslingsplikt: 
- Dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar
- Følge av ytingar frå helse-og omsorgstenesta eller ved at pasient eller brukar skadar ein annan
- Utfallet er uventa ut frå påregna risiko

 

Kvar kan du klage eller varsle:
Uønska hendingar bør ein først ta opp med dei som har levert helse- og omsorgsteneste, evt leiar av tenesta.  Denne kan vere skriftleg eller muntleg.

 

Dersom du som pasient, bruker eller pårørande oppleve at du ikkje får helse- og omsorgstenester eller at kvaliteten på tenestene er uforsvarlege, kan du klage.  Du kan også klage på at helsepersonell ikkje informerer godt nok eller du får feil informasjon, at helsepersonell bryt teieplikt eller ulovleg bruk av tvang.  Slike klager skal ein sende til Fylkesmannen, sjå www.fylkesmannen.no

 

Pasient, brukar eller næraste pårørande kan varsle Statens helsetilsyn om dødfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar som følge av ytingar av helse- og omsorgstenester, eller ved at ein pasient eller brukar skadar ein annan.  Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester har varslingsplikt av slik type hendingar.  Varsel skal sendes til Statens helsetilsyn som hentar inn informasjon og avgjer om det er grunnlag for vidare tilsyn i saka.  Meir informasjon fins på www.helsetilsynet.no

 

Norsk pasientskadeerstatning handsamar økonomiske erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått skade etter behandlingssvikt i helse- og omsorgstenesta.  Meir informasjon  fins på  Norsk Pasientskadeerstatning, www.npe.no

 

Pasient eller brukerombudskontor kan hjelpe deg med evt. klage.   Sjå www.helsenorge.no

 

Det er og mange pasient- og brukarorganisasjonar som hjelpe medlemmar og andre med rettleiing og klageformulering.  Sjå oversikt på www.helsebiblioteket.no