Tysdag 8. mars 2022 sende Askvoll kommune ut ein førespurnad på SMS/e-post til innbyggjarane i Askvoll kommune, om dei hadde ledig husvære for eventuelle krigsflyktningar frå Ukraina.
Responsen har vore overveldande og vi er både stolt, rørt og takksam for den enorme viljen til å hjelpe!
Kommunen skal rapportere inn kapasitet til å ta imot innan 10. mars 2022. Deretter må vi avvente tilbakemelding frå sentralt hald om det kjem krigsflyktningar frå Ukraina til oss, og kor mange det i såfall er snakk om.
Busettinga tek til så snart dette er avklara, og ein vil vurdere bustadstilbod ut frå om det er einslege personar eller familiar det er snakk om.
Nok ein gong; tusen takk for hjelpa!