Kafédialog om samspel og samarbeid mellom frivilligheita og kommunen

Askvoll kommune og Frivillighet Norge ynskjer frivillige lag og organisasjonar velkommen til dialogmøte på Askvoll skule onsdag 20.oktober 2021, kl. 17.30.
 

Frivilligpolitisk plan

Askvoll kommune skal utarbeide ein lokal frivilligpolitisk plan som skal vere eit verktøy for vidare samspel og samarbeid mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Frivillighet Norge kjem til Askvoll for å gjennomføre ein «kafédialog» med inviterte lag og organisasjonar i kommunen. I møtet vert det lagt fram nokre problemstillingar som det vert bedt om tilbakemelding på.

Innspela vi får inn på møtet, vil danne grunnlaget for frivilligheitsplanen.

Døme på problemstillingane som vert lagt fram til drøfting er:

  • Utfordringar – kva hindringar møter foreiningane i å drive endå støtte aktivitet enn i dag?

  • Tilrettelegging – korleis kan det verte lagt til rette for å skape endå meir eller fleire aktivitetar enn i dag?

  • Ressursar – kva slags kunnskap, utstyr eller frivillig innsats, trur ein at foreiningane kan bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen.

Det vert lett servering på møtet. 

Påmelding til møte: 

Frist for påmelding til møtet er 19.oktober. 

Meld deg på via dette skjemaet:

Påmeldingskjema - kafédialog mellom frivillige lag/organisasjonar og kommunen

Eg ynskjer å delta på møte onsdag 20.oktober 2021, kl.17.30 på Askvoll skule om samspel og samarbeid mellom frivilligheita og kommunen. 

Felt merka med * må fyllast ut

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post