Jegerprøvekurs 2019

Askvoll jakt- og fiskelag arrangerer 30 timars jegerprøvekurs i juni.  Kurset består at eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen.  Kurset vert på Askvoll skule. Jegerprøveeksamen kan avleggast fom det kalenderåret jegerprøvekandidaten fyller 14 år.   

Jegerprøvekurset er på 9 samlingar, over 2 langhelger. Samling 1, 2, 3 og 4 er heilt obligatoriske. Kandidatar kan ha fråvær frå undervisning på inntil 2 samlingar, men berre frå samling 5, 6, 7, 8 eller 9. Ved fråvær skal kandidaten levere dokumentasjon til instruktøren for bestått test frå e-læringa for denne samlinga.

Veke

Dag / dato

Stad

Klokkeslett

Samling

23

Fredag 07.06

Skorvemarka (hagle)

Helleset skytebane (rifle)

15.00-21.00

Samling 4

 

Laurdag 08.06

Askvoll skule

10.00-13.00

Samling 1

 

Søndag 09.06

Askvoll skule

Fristadmarka

10.00-16.00

Samling 2 + 3

 

24

Fredag 14.06

Askvoll skule

18.00-21.00

Samling 5

 

Laurdag 15.06

Askvoll skule

10.00-16.00

Samling 6 + 7

 

Søndag 16.06

Askvoll skule

10.00-16.00

Samling 8 + 9

25

Torsdag 20.06

Askvoll skule

18.00

EKSAMEN

 

Kursavgifta er kr. 2200,- for medlemmar (i Askvoll JFL), og kr. 2600,- for ikkje-medlemmar.

Ein liten eigenandel for skot kan kome i tillegg.

Jegerprøveeksamen er det kommunen som arrangerer, og kandidaten må melde seg på til eksamen gjennom denne sida: www.jegerprøveeksamen.no. Ein betaler eksamensavgifta på kr. 300,- med vipps eller kort. Kandidaten skal velje eksamensstad: Askvoll og Fjaler.

Påmeldingsfrist: Fredag 31 mai.

Jegerprøvekurset vert gjennomført ved minimum 10 påmeldte.

Påmelding til: Jørn-Magne Hersvik Larsen, mail: jmhl100@hotmail.com eller på lokallagssida til Askvoll JFL https://www.njff.no/fylkeslag/sognogfjordane/lokallag/askvoll NB! Trykk på påmelding og fyll ut skjema.

Innbetaling til Askvoll JFL: kontonummer: 3740.30.22552 før kursstart. Oppgi namn på deltakar. NB! Ta med kvittering for betalt kursavgift på første kurskveld.

Fann du det du leitte etter?